Min hjemme side   Selands-Slekta index  Forrige   Neste

 

SELANDS-SLEKTA

 


Søren Johnsen Seland og Anna Olsdotter


65

Søren Seland vart fødd på Seland 19. juli 1839 og døde på Seland — i Austjordet — den 15. november 1903.

Den 15. juni 1863 vart han gift med Anna Olsdotter øvre Homme. Ho vart fødd på Homme den 18. mai 1841 og døde på Seland den 18. oktober 1918.

Dei hadde desse borni

1. John,
fødd 20. august 1865. Han døde 16. januar 1937.

2. Anna, fødd 4. februar 1868.

3. Asborg, fødd 26. juni 1810. Døde 13. april 1872.

4. Olaf, fødd 18. mars 1872, død 11. juli 1927. 

5. Torkel, fødd 1. april 1874. Han døde 4. juni 1880.

6. Asborg, fødd 2. februar 1876.

7. Olav, fødd 10 januar 1878.

8. Søren, fødd 10. februar 1880. 

9. Tomine, fødd.46. april 1882. 

10. Ingerid, fødd 8. januar 1885. Desutan var det eit dødfødd barn.

_____

Far, Søren Seland, var ikkje stor karen då det synte seg at han hadde framifrå gode evnor og ein umetteleg lærehug.

66

Men den «lærdomen» borni kunde få i den tidi var ikkje stor. Heime var det liti eller ingi hjelp å få av foreldri, og um skulen er det enno mange morosame fråsegner. Som ein veit var det umgangsskule. Daglegstova der husens folk i skuletidi heldt til med sitt daglege arbeid, var skulestova, og skuletidi var 6-8 vikor um året. Lærarane hadde som regel ingi utdaning, so dei visste syrgjeleg lite. Meir enn å lesa og skriva tolleg godt og rekna dei «4 species» kunde dei ikkje av «verdslege» fag.

Forutan religion som var hovudfaget og som læraren heldt på med mest heile dagen, skulde alle borni læra å lesa. For gjentone var religion og lesing meir enn nok, meinte dei. Men gutar som var tolleg flinke skulde ogso av og til skriva og rekna.

Til all lukka for far kom det nokre år fyrr han vart konfirmera ein lærar som sette djupe merke etter seg i Grindheim. Det var seminarist Anders Homme frå Bjelland. Han hadde sjølvsagt uvanleg god utdaning og var dertil ein lærar av Guds nåde. Far totte han aldri kunde få fulltakka Anders Homme. «Det var kje bare det at eg lærde so mykje av han,» sa han. «Han gav meg ogso hug til å samla kunnskap på eigi hand.» Ogso dei vaksne var glade i denne flinke og gilde læraren. Eg hev set so mang ein gong at anliti på gamle folk liksom ljosna når Anders Homme kom på tale.

Far vart konfirmera i Bjelland kyrkja den 24. september 1854. Presten segjer han hadde «meget gode kundskaber» og hadde uppførd seg «meget godt».

67

Som ein kan skyna var det i den tidi mest umogeleg for ein ungdom å få lært noko etter konfirmasjonen. Det var mest ikkje bøker og ikkje blad. Heime fann vel far Brochmanns huspostil som bestefar hadde med frå Sveindal, ei salmebok og truleg eit nytestament. Men det var alt. Og ungdomsskular var det ikkje. Likevel løyste far den gordiske knuten. Etter han vart konfirmera fylgde han med Anders Homme frå gard til gard både i Selandsdalen og i andre skulekrinsar og fekk undervisning ogso um kveldane. Ljoset frå fyreflisi i gruva var so godt at det var mogeleg å rekna, og so vår det ogso då høveleg tid til forteljingar frå soga og geografien som opna utsynet langt utyver.

Då han ikkje lenger kunde vera med Anders Homme, var det bøkene han måtte halda seg til for å lera meir. Han hadde lite til pengar, og bøkene var dyre. Men bøker fekk han no likevel. Religiøse bøker, lov- og jordbruksbøker likte han best. Religiøse forteljingar og reiseskildringar sette han ogso stor pris på, men brydde seg elles lite um «skjønlitteratur». «Almuevennen» heldt han sjølvsagt i mange år. Då eg var liten var det so greit å få tak i bladet. Det næraste posthuset var visstnok på Trygsland, men Gamle-Simon der auste på Seland køyrde posten ein gong i vika frå Mandal til Trygsland, og der ifrå tok han so med «Almuevennen» til far. Meir post enn dette bladet var det sjeldan eller aldri til Selandsdalen.

68

Ved hjelp av sine bøker og «Almuevennen» fylgde far godt med tidi og vart ein upplyst og kunnskapsrik mann. Loven hadde han studera so godt at han var likso flink jurist som mang ein sakførar, og um alt som vedkjem jordbruk og skogbruk visste han meir enn dei fleste andre i desse bygdene.

Til å bruka sine kunnskaper og umsetja dei i praktisk arbeid hadde han både mot og vilje. Og dei økonomiske vanskane som fyregangsmannen so ofte må strida med, slapp han heilt fri, då han var ein gløgg forretningsmann. I motsetning til dei fleste andre i den tidi var han ikkje nøgd med noko avdi det var gamalt. Men på den andre sida slo han heller ikkje inn på nye vegar fyrr han hadde rekna ut kor dei vilde føre hen, og um det kunde «svara seg».

Når eg so etter dette utsynet yver barne- og dei fyrste ungdomsåri skal fortelja um far sitt arbeid, fell det laglegaste å byrja med arbeidet hans her på Selands-garden.

For at dette arbeidet kann koma i sitt rette ljos er det tvo ting ein må vita: Dei vilkor han måtte gå inn på då han kjøpte garden og koss det såg ut på Seland i 1859.

Han var 20 år gamal då han kjøpte garden av bestemor. Handelskontrakti er dagsett 6. juli 1859 og skøyta 1. mars 1862. Kjøpesumen var 400 sod. I handelen fylgde med: »En toetaget Kakkelovn, en Brødhelle, en Udekvern med Redskab, en stor Gryde, 2 Kornbinger, en Kornkiste, en Væverstol, en Jernstør og Bord og Forsæde. »

Seljaren skilde seg undan rett til å bruka den halve garden so lenge ho fann for godt, og når ho

69

gav slepp på bruksretten skulde ho ha «foddu». «Fodduskontrakti» er dagsett 1. mars 1862 og pålegg mill. a. kjøparen:

«a) Føde om vinteren og græsse om sommeren to kjør og 6 smaakreaturer. Ungavlingen af faarene beholder jeg imod at skaffe min moder gode og tjen lige kreaturer saavel af de store som smaa, om nogen af dem skulde dø, eller paa anden maade blive utjenlige. Kalvene tilfalder min moder, ligesom jeg forbinder mig til at bytte eller omskifte kjørene om en eller anden ikke skulde kalve paa de for hende tjenlige tider.

b) Leverer jeg min moder hver høst 3 tønder godt blandkorn, ½ tønde rug, ¼ tønde reintkorn, 1 notting gryn, 1 notting erter, 4 tønder poteter og så stor en ager at deri kan sættes mindst 1 notting poteter med fuldkommen gjødsel, 1/8 tønde malt med fornøden humle samt salt og tobak til fornødent brug samt 4 potter brændevin, 10 pund kaffe, 3 pund sukker, ½ pund hør og et godt slagtefaar aarlig saavelsom et godt par sko andenhvert aar, ligesom kornet skal males, bages og gjøres i spisefærdig tilstand. Ulden af faarene saavelsom høret skal jeg forarbeide og færdiggjøre til klæder til min moder, naar hun selv ikke er istand dertil.

c) Endvidere fokaffer jeg min moder godt og varmt husværelse sammen med mig og mine egne folk samt fornødent lys og brænde saavelsam en kristelig og sømmelig omgjængelse i det daglige liv, saaledes som en lydig søn pligter sine forældre. Og i svagheds og alderdomstilfælde, naar hun ikke kan besøge kirken eller Guds hus, da hjemhente

70

præsten til hendes saligheds sags betjening ligesom efter døden bekoste en anstændig og hæderlig begravelse efter bygdens almindelige skik.

d) Til sikkerhed for ovenstaaende føderaads rigtige svarelse eller opfyldelse pantsættes hermed med 2den prioritets panteret næst efter Hans Osufsen Haaverstad halvdelen af min eiende gaard i Seland af skyld 9 engelske eller en skyld 3 ort 16 skilling, matr. no. gammel 124, nyt 36, løbe no. 97 med alle paastaaende husebygninger, og underliggende herligheder, der ikke uden min 'moders vilje kan pantsættes, sælges eller paa anden maade afhændes.»

Til slutt segjer seljaren frå at ho er nøgd med kontrakti, og at kjøparen dersom han gjer sin skylnad, etter henne skal ha einerett til «follugspresta sjoner» det er etter henne ved hennar død «saavelsom til penger der af disse kan være indvundne».

Som i andre follugskontrakter» er det ogso fastsett i denne at seljaren hev rett til når som helst å flytja til eit av dei andre borni sine. Dersom ho gjer det, skal kjøparen betala henne 200 spd. i «udløsning, samt desforuden og tilligemed denne sum 1 ko, 3 smaakreaturer samt en forsvarlig seng og gangklæder».

Det var kje mange åri bestemor brukte den halve garden, og ho tok ikkje «udløsning». Ho hadde «foddu» i mange, mange år.

A fortelja um gardhandelen og det som stend i samband med denne er greidt og liketil. Men å skildra koss det såg ut på Seland i 1859 er derimot ei vanskeleg uppgåva.

71

Det segjer seg sjølv at ned igjenom tidene hadde dei her som andre stader fenge betre og romslegare hus, og ved utskiftingi i 1855 vart dei einskilde eigedomane meir samla enn tidlegare. Men elles var truleg garden då far kjøpte han, mest like eins som for eit par hundrad år sidan.

Setehusi som i 1859 stod uppe på Løvollen, truleg ikring 30 meter sud for uthusi det er no, var små, stygge og fategslege. Dei hadde «torvtak». Murane var låge og såg ut som eit stengjerde. Gjenom døri på framsida kom ein fyrst inn i ei myrk forstove. På den eine sida av denne var stova og loft som ein no i mykje umskipa stand finn att i daglegstova og loftet yver denne i husi det no er på garden . I stova som var ikring 2 meter høg under bjelkane, var 2 små vindaugo med små rutor av grønlegt glas. Veggjene var ikkje vene. Dei var fulle av store og djupe sprekkar som var tilhaldsstad for «husdyr» som no tykkjest lika seg best i byhus.

Av innbu i stova var det ikkje mykje. Når ein kom inn, hadde ein på høgre handi ein «toetaget kakkelovn» og på venstre langs den nordre veggen 2 «faste» sengjer, d. v. s. dei 2 sidone var veggen som dei 2 andre sidone var spikra til. Millom sengjene og i eit med desse var kjellarskåpet, og inne i dette var kjellarlemmen. På dei lange sengjestolpane var det ei hylla i høgd med kjellarskåpet. Midt for døri ved den indre tverveggen stod langbordet med forsæte. Langs veggen ovanfor bordet og den søndre langveggen var faste benkjer. I omskråi var benken lågare og breidare enn andre stader, so der var det greit å kvila. Elles

72

var det større og mindre krakkar, og attmed døri ein stor kubbestol. Huseklokka hadde dei nok ikkje. Men ved hjelp av «solmerkje», skurer i vindaugskarmen, kunde dei likevel når soli skein vita kor langt det leid på dagen.

På stovedøri, sengjene og kjellarskåpet som var fint arbeid med speglar og utskjeringar, kosta bestefar rosemåling. På stovedøri som enno er til, stend namnet hans og årstalet 1843. Elles var alt i stova umåla.

Loftet var mykje lågare enn stova og hadde berre eit vindauga. Der sov borni, og noko anna enn sengjer og nokre benkjer og krakkar var det ikkje i det romet.

På den andre sida av forstova var ei låg dør inn til eldhuset. Midt på tilet var den firkanta eldstaden, aren, med «gjæja» og anna som høyrde til. Utan um aren var tilet ikkje rart, og veggjene og «troi» som ein kunde sjå, var glinsande svarte av røyk. Dagsljoset kom bare inn i eldhuset gjenom ljåren, eit firkanta hol i monet, der røyken gjekk upp.

Men undantak av nokre benkjer og krakkar og kan hende eit lite bord, var det ikkje anna i eldhuset enn grytor, byttor og andre koppar og kar kvinfolki hadde bruk for når dei baka flatbrød og laga maten.

Nokre meter vest for setehuri stod !buret. Det var bygt på store eikestolpar og hadde 2 rom, sjølve buret og bursloftet, som var på lag som eit «hæstaloft». I buret hadde dei korn og mjøl i bingar og store kjer, flatbrød, kjøt og andre matvaror.

73

I øvre enden av Styggedalen stod uthusi: fjøs, løda og truleg ein liten hestestall. Fjøset var lite og lågt. Det hadde ikkje vindaugo, men eit holi mønet, ikring 0,5 i tvermål. Det kunde lukkast med ein «dott» som var fasttgjort til den eine enden av ei stong og heitte difor «lottholet». Når dei hadde noko å gjera i fjåset, skuva dei «dotten» upp, og noko dagsljos kom då ned gjenom holet. Men sat «dotten» i holet var det sjølvsagt heilt mørkt i fjøset.

I løda som var bygd av runde stokkar, var høyløda, kornløda og låve der dei treskja um hausten.

Forutan setehus og uthus var det ogso badstova, kvernhus og sumarfjøs som alle saman var naudsynlege i gamle dagar.

I badstova som fyrst stod vest for uthusi, og seinare millom tvo store steinar ved «Ukkumkjelda», turka dei korn. Dei elde i ein steinomn som såg ut som ei liti røys, og kornet hadde dei på badstubenken som gjekk tvert yver heile badstova millom !båe langveggjene. «å bada» seg i badstova hev eg ikkje høyrt tale um i desse bygdene. Men derimot var det ikkje sjeldan dei «elde badstova» for å «døya» klæde som var kome «udyr» i.

Kvernhuset stod so langt attende eg kan minnast, eit stykke ovanfor sagi. Kverni var god. Ho «gjorde» so godt mjøl.

Fram etter hausten hadde folk arbeid i vikevis med å treskja, turka og mala. Bestemor var

74

god til å mala, og av henne lærde eg kunsti. Eg hev sete mang ein haustdag i kvernhuset. No er det andre tider. Både badstova og kvernhuset er nedrivne. Den eine kvernsteinen er no på Flisehaugen. Der er han laga um til eit fint raudmåla bord som lyser ut yver heile garden.

So stygge og fatiglege hus som det var på Seland i 1859 ser ein ingen stad no. Men jordet då? - Ja, det var ikkje likare enn husi.

Det var mange åkrar: Skjerbakkåkren, Skjerbakkrumpå, ein liten åker i nedste enden av Styggedalen under det høge fjellet, Asålåkren, Brot åkren, Humlåkren, ein åker aust for der husi no stend, Martensåkren, ein på Kustruka, aust for den store steinen, Buksåkren, ein nedanfor det gamle sumarfjøset, en aust for sagi o. s. v.

Alle desse åkrane var små og so fulle av stein at um dei hadde havt plog, hadde det vore umogeleg å bruka han.

Og millom åkrane var det større og mindre røyser. Attmed desse vaks på fleire stader hegg og runnar. Millom røysene var det ein umåteleg masse stein. Sume av desse stakk so vidt upp or jordi, andre var store som hus. Mykje av jordi var desutan vass-sjuk. På Fiti vaks myrfivel, og Duken lag som ei skogeslåtte. I den øvre enden var det mange store firkanta holor som folk hadde grava upp for å få leir. Fram for husi det no er, var stein og fjellknattar, og den øvre hagen var bare fjellknausar og skoror.

I 1880 då dei arbeidde på Selandsvegen dømde dei um at det vilde kosta kr. 2000.00 å «ta upp»
det som var ubrote i Vodden, endå far alt då hadde gjort eit stort arbeid.

75

Koss folk kunde greida seg på garden som han var då far kjøpte han, er ikkje godt å skyna. Visstnok kjøpte dei av og til eit grand rug. Men meste parten av det dei skulde leva av måtte dei avla på garden. All den jord der det kunde veksa korn eller jordeple, hadde dei difor til åker. «Valdhøy» fekk dei mest !bare i åkerreinane, og det gjekk til hesten. Ku og sau måtte difor fødast med utjordshøy frå Austejordet, skrapehøy frå heidi, lauv, lyng, brum skav o. s. b.
    —  — — —
Det fyrste far gjorde - det var straks etter han hadde kjøpt garden - var å flytja husi til den tufti dei no stend på. Men det var no kje bare å flytja dei gamle husi. Dei var altfor små, totte han, og han bygde difor til den stova som enno heiter nystova, og loftet yver denne. Like bak forstova, tett inn til stoveveggen, vart eldhuset sett upp att i sin gamle stand med are, «Jæja», ljore o. s. v. Ikring midten av 1870-åri vart so aren avløyst av skorstein.

I husi vart det altso no 4 rom, 2 stovor og 2 loft og dertil forstova og eldhus. Etter som kravi vaks vart ogso dette for få rom, og difor sette han upp eit kammers bak gamlestova. I lengdi var heller ikkje dette tidhøveleg, og i 1880-åri fekk so setehusi den skapnad dei no hev. Eldhuset og kammerset vart rive ned, det vart sett upp «bakbygning», og mønet kom i midten. Bak nystova fekk kjøkkenet sin plass, og yver kjøkenet var eit rom til matvaror.

76

Der vart det sett inn bingar og kjer, og det gilde buet vart nedrive og brukt til «fyll» i «bakbygningen».

Inne i dei romi det fyrr hadde vore, vart det ogso gjort eit stort arbeid. Tilet yver stovone og lofti vart lyft upp, so det vart høgare under taket. Dei faste sengjene måtte ut og likeeins kjellarskåpet i daglegstova og kanneskåpet i nystova. Omnane fekk ogso då den plassen dei no hev: Fyrr hadde dei stade på den andre sida av døri inn til romet.

Straks etter far hadde flutt setehusi, flutte han ogso uthusi til den tufti dei no stend på.

Då far kjøpte garden, gjekk dei fleste ut frå den grunnsetning at alt med umsyn til jordbruket skulde vera som det hadde vore. Nybrot og grefting var det mest ikkje tale um. Visstnok var det i 1850-årl sume som hadde fenge auga på at det var for mange stein i åkrane. Men å få steinen upp og vekk tenkte dei ikkje på. Dei grov dei ned so dei vart «usynlege».

Far tok til med nybrotsarbeid -som det vert drive no for tidl: reinska jordi for stein og røter, grov ei mengd med grøfter som han alltid sjølv la att med stein o. s. v. Arbeidet gjorde han godt og grunndig. Det er ikkje ofte ein finn stein der han tok upp, og greftene hev det heller ikkje til denne tid vore bry med.

So langt attende eg kann minnast, var han på jordarbeid vår og haust vika etter vika. Sume tider leigde han med ein mann, og sume tider var han åleine. I onnetidene måtte han sjølvsagt halda upp. Men hadde han ei fristund var han straks på jordstykket då ogso. Alltid like huga og uppglødd for

77

arbeidet som han dreiv so hardt at han var gjenomvåt av sveitte når han kom inn um kveldane, so han som regel måtte skifte underklæde.

Jord-arbeidet var mykje vanskelegare og tyngre i den tidl enn no. Jordspaden var klein, og dynamitt kom ikkje i bruk fyr mot slutten av fars arbeidsdag. Det fyrste eg kann minnast, gjorde grannen vår upp store bål på steinane for å få sprengt dei. Det gjorde far aldri. Han skaut med krutt. Men minebori var fælt tykke, so eg hadde ei tung byrd når eg måtte til Byremo, Hårtveit eller Agedal for å få kvest dei.

Kvar vår var det steinkøyring i mange dagar. Det gjaldt å passa på føret. Det måtte vera etter passeleg mykje snø, og isen på tjørni der det var so god plass til steinen, måtte vera sterk. Det ligg nok fleire tusen lass stein i Selands-tjørn!.

Med undantak av eit lite jordstykke ovanfor rotevegen i vestkanten av døldi uppfor springvatskjelda, dei store steinane med «Ukkumskjelda», Styggedalen og eit stykke aust for Brunnbekken rydja, reinska og grefta han heile garden.

Dei stykk! som er nemde ovanfor totte han var for fæle til å ta på. Men so byrja han i Austejordet. Der gjorde han ogso eit stort arbeid. Dei tvo myrane som ikkje var betre enn heieslåttor fekk han i stand, og braut ogo upp bakkane rundt husi.

Då han i 1901 selde garden, tok han etter mesteparten av Austejordet. Der sette han so upp både setehus og uthus og flytte dertil sumaren 1901.

Far skyna snart at det var liti hjelp i å bryta ny jord dersom ho ikkje blei godt hevda, og difor måtte han ogso med umsyn til gjødselspursmålet

78

finna nye vegår. Det gjorde hån ogso. Kvar sumar køyrde hån inn mange låss turr myrjord på gjødselplassen, og seinare fekk hån istand ein «tannbinge» av plankar under fjøset. Yver ein del av jordet hådde hån lannet ut i trerenner. Kunsthevd vår det kje tåle um fyrr dei siste åri hån hådde gården. Men då kunsthevdi kom i bruk, vår hån den fyrste på desse kantar som nytta den.

Då får fekk gården, vår driftsmåten i desse bygdene likeeins som hån hadde vore i lange tider. Det vår den same reidskapen, dei same åkrane år etter år, den same gjødslingi o. s. v. Med umsyn til dei vokstrane som vårt dyrka, hådde det ogso vore lite umskifte. Dei viktigaste kornslag vår bygg som hådde heidersnamnet «korn» og blandkorn - ei blanding av bygg og havre. Potetor dyrka dei ogso frå slutten av det 18. århundrad. Av hagevokstrar hådde dei gjerne ei seng eller tvo med gulrøter, ei seng med sukkererter og for det meste ogso eit lite næpetrø. Frukttre og bærbuskar fans det ikkje her på gården. Men sume stader vår det eple- og kirsebærtre som ofte bår godt, og stikkelsbærbuskar vår det ogso av og til på gardane. Som namnet på ein av åkrane på gården — Humlåkren — segjer, dyrka dei humle til husbruk, og lindyrking vår heller ikkje ukjent.

Hende det ein sjeldan gong åt dei lå ått ein åker, vår det ikkje tåle um å så i grasfræ, so det fyrste året fekk dei mest båre ugras.

Får tok til med skiftebruk og tok snart til å prøva nye planteslag. Men i 1880 og endå meir i 1890-åri gjekk prisen ned på kornvaror, og å få

79

mykje og godt høy vårt då hovudsaki. Mange gamle åkrar vårt attlagde og tilsådde med grasfræ. Dei fyrste åri vår det båre timotei, men seinare ogso kløver. I lang tid hådde folk liti tru på dette «nye» høyet. «Eg likår ikkje denne muttien som Søren driv med,» så ein av grannane.

Får såg snart åt det vår kje nok å få mykje for. Hån måtte ogso få gode kyr til å umsetja foret. Difor kjøpte hån dei beste mjølkekyr hån kunde få tak i, og fekk fleire gonger kalvar frå Hornnes som hådde ord for å hå godt kretur. Dei siste °åri hån hådde gården, vår det mange gode og fine kyr i fjøset. Dei vårt stelde framifrå godt. Det vårt fora etter den grunnsetningen åt den som kann få kua til å eta mest, er best til å «studda».

Mjølkestellet hådde ikkje vore til å kyta av i gamle dagar. Mjølki vårt sila i store trefat eller kolbor som dei sette anten i kjellarskåpet eller på sengehylla i daglegstova. Der surna ho nokso fort. Men mjølki vårt ikkje god, og det blei lite fløyte. Får fekk avkjølingsspand som dei sette under vatn i ein kasse under springvatnet i kjellaren.

Mor vår livande interessera i alle framsteg og svært flink i ålt arbeid som fall på henne.

Ogso med umsyn til hagebruk vår får ein fyregangsmann. Fyrst stellte hån til ein hage i Hola, der hån sette upp ei borg og planta berbuskar og frukttre. Men snart fann hån ut åt plassen vår ikkje der. Hagen skulde vera framfor huset.

Der såg det no kje ut til å kunna bli hage. Midt for husi vår ein stor fjellknause av «rote» fjell og elles stakk fjellet upp både her og der. I den litle

80

hagen uppå borgi som han fyrst fekk istand var ikkje bare bratt, men ogso mange fjellnabbar, og millom desse skoror som det var noko jord i.

Fyrst sette han upp borgi, og so byrja jordkøyringi. Jord fekk han frå Kustruka. Dette var ei merkjeleg rein uppe i vodden. Ho låg 12-15 meter aust for den store steinen og 7—9 meter nedanfor rotevegen. Lengdi var vel ikring 25 meter, og høgda i nedre kanten som var skrå 3— 4 meter. Uppå var Kustruka flat som ei pannekake og ca. 7 meter breid. Det var sandblanda moldjord utan stein heilt ned igjenom.

Frå Kustruka vart det så køyrt ein masse jord, fyrst til den øvre, og sidan då fjellknausen var komen vekk og jordi reinska, til den nedre del av hagen. Ein haust leigde han hest av Anen i Hauen, og då heldt eg som då var ein smågut på å køyra jord i mange vikor.

Då det so var jord nok, stellde han til hagen med grusganger, prydbuskar av ymse slag, lysthus og springvatn, ei mengd med berbuskar og mange frukttre. Det var mest epletre og nokre få morelltre. I vestkanten av hagen og midt for uthusi planta han gran til livd mot nordan- og vestanvinden. Utanfor granane sette han pil som vaks so fort og skulde hoggast ned når granane vart store. Den «lunden» det no er i hagen skriv seg sjølvsagt ogso frå den tidi.

Då alt var ferdig, var hagen so fin at ein måtte gå lange leider for å finna maken.

Alt det han hadde planta såg han etter framifrå godt, og dei fyrste åri såg alt lovande ut. Trei vart

81

store og tok til å bera. Men so byrja øydeleggingi. Fleire av epletrei var fine slag — det var endå nokre gravensteinar — som det ikkje var vokstervilkår for her på garden. Det eine treet etter det andre vart sjukt og måtte hoggast ned, og nokre år etter eg hadde fenge garden var det ikkje etter eit einaste frukttre.

Skuldi for at det gjekk so galt både her og mange andre stader hadde fyrst og framst dei «kloke» i den tidi — agronomar og gartnarar. Dei tottast gå ut frå at alle slag tre kunde trivast på alle stader, og forklåra difor for folk at dei måtte få fin frukt som var lett å selja

Ogso for skogen hadde far ein livande interesse. Lenge fyrr nokon annan i desse bygdene tok han til med kulturarbeid i skogen, og dette er vel ein av grunnane til at skogen vår i dei siste 50 åri hev kasta meir av seg enn ein kunde venta etter arealet. 

Som ein kann skyna var far med umsyn til jordbruk og husdyrbruk ein av dei største fyregangsmenner det nokor tid hev vore i desse bygdene. Men — det gjekk for han som for andre som bryt nye vegar: Folk skyna han ikkje. Dei fleste undra seg yver strævet og arbeidet hans, og mange spotta. Var det kje godt nok som det hadde vore fyrr? Han var «viktig» og «stor' på det», det var grunnen, meinte dei. Lenge bort etter kunde sant å segja ikkje eg heller skyna at det var nokon stas med jordarbeid. Den sterke og reine skapargleda som fylgjer med dette arbeidet, hadde eg enno ikkje kjent.

Men fyregangsmennene er dei beste av alle læremeistrar. Når folk hev spotta lenge nok, byrjar ein

82

og annan å ta etter, og snart er alle som det er noko um, inne på dei nye vegane. So gjekk det ogso i dette tilfelle. Folk som i mange, mange år hadde sett på far sitt arbeid med lått og flir, vart ivrige jorddyrkarar på sine gamle dagar.

Sidan 1890-åri er det i Selandsdalen utført eit so stort rydnings- og dyrkningsarbeid at dalen snaut er å kjenna att. Det er kje grunn til å tala um «Trevledalen» lenger. Eg meiner at størsteparten av æra for dette tilkjem far. Han synte vegen.

Likso stort brigde som det er ute på garden vil ein finna inne i husi. Når ein no fyrst tenkjer på daglegstova - ja, koss var då den? — Jau, frå fyrst av var den innretta på same måten som daglegstova i dei gamle husi. Av nytt som var kome til kann nemnast ei gamaldags huseklokka, eit «8 dags verk». Ho måtte liksom gjera seg til eit bil fyrr ho kunde få slege.

Nystova var nokso lik daglegstova. Det var bare den skilnad at det millom sengjene i staden for kjellanrskåp var eit «kanneskåp». Dette var det lagt svært mykje arbeid på, so det var framifrå fint. Det var rosemåla av ein som heitte Ola Versland. Den eine av nystovsengjene stend no i daglegstova, og der eller på loftet skal ho stå so lenge eg lever.

Det var elles skikk og bruk at alt det gildaste skulde vera i nystova. Men — det var no lite der var allikevel.

På nystovloftet var forutan bord og sengjer mors kista. I denne hadde ho den grand stasen kvinnfolki då hadde og dei gildaste seng- og gang

83

klæde. Kista som var umåteleg fint rosemåla hadde ho havt med seg heimanfrå — frå Homme.

Då far bygde um husi, kosta det mange pengar. Men endå verre var det at det vart slikt folkedrøs. Då veggjene i daglegstova vart kitta og måla, totte folk det var for galt. Å måla -golvi totte dei var den reine meiningsløysa. Spelegt skulde det ogso vera. Eg kann godt minnast folk sa den fyrste gongen far måla tilet i daglegstova at det var so fårlegt for ljonelden !

Like galt var det når noko nytt vart kjøpt til gards. Då far fekk den skrivepulten som eg fekk etter han og Søren no hev fenge av meg, tala folk um det og undra seg i lange tider. For å sleppa dette drøset då han kosta seg den sofaen som no stend i daglegstova, fann han ut ein snodig utveg. Han fekk han heim i myrkret — drog han heim seint på kvelden frå Torkel Sletteskog som arbeidde han. — Etter som tidi gjekk vart det mindre «fårlegt» å kjøpa noko nytt og «fint», og smått um senn kom det meir og meir ny husbunad.

Sjølvsagt kunde det vera på sin plass å fiffa upp husi innvendig. Men eg totte far gjorde for mykje av det. Nystova som hev fine veggjer, vart tapetsera, og loftet yver daglegstova «trekt» med grått papp. Dette hev eg seinare rive av og måla desse romi. 

Fylgjen av at han var so glad i det nye var at han hadde altfor liten vyrdnad for det gamle. Den eine sengi i nystova og det fine skåpet der, skåpet i daglegstova, ja endå mors kista selde han. Eg hev prøvt på å få kjøpt att noko av dette, men det hev kje lukkast enno.

84

Forutan alt arbeidet far hadde heime på garden, dreiv han ogso i mange år nokso stor lastehandel. Han kjøpte større eller mindre lasteparti snart her og snart der og selde att til lastehandlarane i Mandal som kvart år kom upp yver bygdene for å kjøpa last av bøndene. I fleire år handla han saman med Thore Foss og Anen Breilid i Hornnes og Åseral. Lasti der var billeg. Men so måtte ho fløytast gjenom Koselvi der det i den tid var svært vanskeleg å få henne fram. Sume tider var han med i fløytingi. Hest hadde han bare dei 2—3 fyrste åri etter han hadde fenge garden, so han dreiv ikkje med lastekøyring.

Men han handla ikkje bare med last. I 1874 kjøpte han eit bruk på Leland. Det var ein god han del. Då han hadde selt heimejordet til dette bruket, utjordet og noko lauvskog, hadde han etter hogsteskogen, slåttene og buskogen fritt. Hogsteskogen, Lelandsskogen», la han til Austejordet då han flutte dertil. Tobias R. Seland sin gard kjøpte han ogso, men selde han sidan att til same Tobias.

Han handla ogso sumtid med andre ting ogso, kretur, bytte av og til klokkor o. s. v. Han likte å handla og han var gløgg, so det var kje godt å få «trekt» han upp. Det var kan henda handelen som gjorde mest til at han vart ein velståande mann. 

Som ein kan tenkja var han kje gamal karen då folk byrja å velja han med i »forretningar». Um sumaren var han på takster, delings- og skylsetjingsforretningar, store og små utskifsningsforretningar o. s. v.. Til å forlika folk var han framifrå flink, og han var mykje bruka som voldgiftmann. Som juridisk rådgjevar og dokumentskrivar var han kjendt vidt og breitt.

85

Av kommunale umbod hadde han upp gjenom åri mest alle dei eit herad hev å bjoda på. Då eg var liten gut var han formann i «fattigkommissionen». Fatigfolk gjekk då mykje på legd, eller ogso vart dei hjelpte på den måten at dei vart tilvist korn rundt um på gardane. Når dei skulde henta kornet måtte dei ha med seg ein «setel» frå formannen i «fattigkommissionen», og på denne stod kor mykje dei skulde ha på kvar stad. Eg skreiv for det meste desse setlane. Dei fatige måtte so sjølv syta for å male dette kornet som ofte var alt anna enn godt. Mjølet dei fekk vilde ingen no for tidi segja var folkemat. Men det var kje nok med at den maten dei fekk av « fattigkommissionen» var so klein. Dei fekk ogso for lite. Difor måtte mange fatigfolk ut å «beda seg». Det var helst kvinnor. For det meste bad dei etter mjøl eller ull. Kven hadde det verst juridisk rådgjevar og dokumentskrivar var han kjendt vidt og breitt. anten dei som måtte «gå for kvar manns dør» for å upphalda livet eller dei som gjekk på legd, er ikkje godt å segja. Eg hugsar so godt at «bekonone» på alle måter bar tydelege merkje av liding og sorg. Men legdslemer måtte ogso tola mykje. Eg minnest soleis at ei gamal kona som var so sjuk at ho låg til sengs skulde flytjast til eit anna hus på garden. Mannen ho skulde til bar henne ut, sette ho på ein kjelke og drog henne til den nye upphaldsstaden der ho skulde vera i 2 dagar for so å flytja på nytt.

Far var ikkje lenge i «fattigkommissionen». Dei likte ikkje å ha han der, for han var god med fatigfolk.

86

I fleire år var han ogso med i skulekommisjonen, og der kom han eit par gonger i stor strid. Den fyrste gongen var so vidt eg hugsar 1871. Det var då ledig ein lærarpost i sokni, og til denne melde seg 2 søkjarar: ein frå Ågedal og Stein Haddeland. Denne siste hadde fleire ihuga talsmenner, og med desse kom far i strid då han meinte at Stein var helit uskikka til lærar. At striden var kvass kann ein skyna når ein høyrer at ein av dei fremste i Stein-partiet ynskja at han, kunde sjå far sokk på Grindheims-vatnet. - Enden på striden vart likevel at Ågedals-mannen fekk posten, og Stein måtte reise heim att til Eiken. Kva slags kar denne Stein var, kan ein skyna av det mor fortalde: «Ein gong var Stein her på Seland ein andag jol. Til middag fekk han kjøtsuppa, og då han hadde ete, tok han mjukt brød og turka hendene med, just som det mjuke brødet skulde vera eit handklæde.»

Den andre striden far hadde vedkomande skulespursmål var med presten, som sjølvsagt i den tidi var formann i skulekommisjonen.

I 1880-åra hadde dei i Øydna krins ein lærar som dei var so misnøgde med. Han var udugeleg som lærar, meinte dei, og stellde seg på fleire måtar so rart i skulen. Krinsen sende klage på han til skulekommisjonen og kravde han avsett. — Ein av dei mange gonger denne saki var fyre i skulekommisjonen sa far han totte presten bare heldt fram det som var til bate for læraren. Presten som totte klagemåli mot læraren var mykje yverdrevne, vart då rasande: Han slog saman møteboki so det song i stova, fekk i ein rjukande fart hesten for karjolen og

87

køyrde avstad utan «hels og farvel». Dei andre i skulekommisjonen stod att og bare stirde etter presten. Men far sa dei kunde bare ta det roleg. Han kom nok att. Og so gjekk det og. Då han var komen til kyrkja snudde han attende.

Far var ikkje gamal karen då han fyrste gongen kom med i heradstyret som han sidan var medlem av til sin død. Frå 1. januar 1886 til 31. desember 1898 var han varaordførar. Som varaordførar møtte han mange år på fylkestinget, då ordføraren, Thore Foss, var på Stortinget. I åri 1899-1901 var han ordførar i Bjelland og Grindheim, og då Bjelland og Grindheim frå 1. januar 1902 vart delt i 2 herad, vart han ordførar i Grindheim til sin død i 1903.

Dei fyrste åri far var med i heradstyret var alle kommunale møte i Skogen. Men då Selandsvegen vart ferdig i fyrstningi av 1880 °åri og vegen yver Skogsheidi nedlagt, vart Skogen ikkje lenger noko sentrum. No tok Seland og Foss Skogen sin plass. Heradstyret hadde sine møte det eine året på Seland, det næste på Foss o. s. v. so lenge Bjelland og Grindheim var eit herad.

Å kyta noko vidare av «unionen» millom Bjelland og Grindheim kann ein ikkje. Visstnok såg det for det meste ut til at himmelen var skyfri. Men f åre for at den eine sokni skulde riva til seg for mykje av dei gode ting var det stadig, og difor vakta dei p å kvarandre so godt dei kunde. Sume tider — og då helst når vegspursmål var fyre - kom sinnelaget for dagen, og det vart krig på kniven.

88

Etter røynslone frå «unionen» millom Bjelland og Grindheim meiner eg ein kann segja at dei som no for tidi klagar yver at heradi er for små, hev lite greide på det dei talar um.

Vidare vår far i mange år forlikskommisær, revisor, lagrettemann o. s. v. I lengere tid var han bankkasserar, og når hån ikkje var kasserar, var hån som regel revisor.

I politikk vår hån noko for seg sjølv. Hån fylgde sjølvsagt godt med, men høyrde ikkje til noko parti. I sume spursmål vår han radikalare enn ven stre, i andre konservativ som høgre. Dette var grunnen til åt han ikkje vårt valmann.

Som ein kann skyna av det eg hev fortalt, vår får ein særs gåverik mann med uvanleg sterk vilje. Hans umåtelege energi og arbeidshug fekk alle eit sterkt inntrykk av med det same dei såg hån: hans tåle, hans rørslor og fram for althans gonglag viste tydeleg nok åt her vår ein mann som ikkje kunde leva utan å arbeida. Hans arbeidskrefter vår store, og målet for arbeidet hans var åndeleg og materielt framstig og framgong for bøndene. Det er difor ikkje for mykje å segja åt han var ikkje berre fyregongsmann, men ogso bondehovding.

Dei gamle bondehovdingane rundt um i bygdene brydde seg lite um diplomatiske kunster. Dei hadde fenge makti av di dei vår sterke og gåverike, og for å halda på makti fann dei det ikkje naudsynleg «å tala folk etter munnen». Ofte såg folk difor på dei som meir eller mindre fårlege kårår som det vår klokaste å vera til vens med. Dette passar ogso på får. Hån vår ikkje diplomåt og brukte ikkje krokvegar. Hån gjekk like på sakog så meiningi utan

89

avslag anten folk likte det eller ikkje. Um det vår «storfolk» gjorde ingen skilnad. Til å byrja med viste han visstnok embetsmennene som i den tid vår store kårår den vanlege vyrdnad: Eg minnest soleis at han stod med hatten i handi når han tala med presten. Men totte hån so dei var urimelege, fekk pipa med ein gong ein annan ljod. Soleis minnest eg ein gong presten kom til oss. Hån skulde tala med far um ei eller onnor sak, og dei gjekk so båe inn i bestestova som då heitte nystova. Eg stod ute i forstova. Ei lang stund høyrde eg berre presten si røyst. Men so byrja får ogso å tala på same tid som presten, og frå no av vår det liksom dei kappast um kven kunde tala høgaste. Dei vårt meir og meir høgmælte so det til slutt høyrdest ut som det skulde vera ei drykkjestova. — Då presten vår reist spurde eg far koss hån torde våga å tå ordet når presten tala. «Presten vilde tala allstøtt!» svara hån. «Eg vilde få sagt mi meining eg au, og skulde eg få gjort det, vår det umogeleg å fylgja vanleg fokeskikk.»

Urædd som hån vår og ikkje so lite brå og uppfarande, vyrde hån ikkje å segja sanninga endå i tilfelle der hån visste det vår klokaste å vera varsam.
_______

Hit kom John Selånd med ættesoga. Søren Seland hev skrivi resten.
_______

Får hådde den lukka åt hån aldri bår hat til nokon, og er trur snautt nokon av hans motstandarar vårt hans fiende. Då hån døde, totte alle dei hådde mykje å takka hån for. Heradstyret og formannen i skulestyret møtte fram og fylgde hån til gravi.— Slikt hådde aldri hendt i Grindheim før.

90

Mor, Anna Seland, vart fødd på Homme i Bjelland 18. mai 1841. Foreldri hennar var Olav og Asborg Homme. Ho hadde fleire syskjin: Olav, Børuf, Kristi, som vart gift med Ånen Breilid, ei syster som vart gift med Torsten Åsan, og ei halvsyster som vart gift med Olav Åsan.

Den lærdomen mor fekk i barneskulen var ikkje stor. Heime pugga dei leksor. På skulen skulde dei so ramsa upp det dei hadde lært, og sidan var det å lesa i nytestamentet dagen lang. Læraren prøvde aldri å få borni til` å forstå det dei las. For det var berre dei flinkaste lærarane som kunde «spøra i grunnen».

Gutane og dei flinkaste gjentone skulde læra å skriva. Mor hadde lært å skriva tolleg godt. Dei skreiv med fjørpenn, og ho fortalde at læraren hadde det anvidt i skrivetimane med å halda fjørpennane i stand. «Vil I kvessa pennen, vil I kvessa pennen?» lydde det i heile skrivetimen.

Å læra å rekna var det ikkje tale um for gjentone. Men likevel var mor flink til å rekna. Ho kunde kje setja upp eit reknestykke, men ho reknai hovudet likso fort og sikkert som um reknestykket hadde vore uppskrive.

Sumtid var det nokon heime og kjøpte smør. Betalinga vart rekna for kvar mark. Men når det til dømes var 5 mark og eit og eit halvt hekto, so totte me at rekningi var nokoo innvikla. Men mor rekna det i hovudet som ingen ting.

Men um ho ikkje hadde fenge so stor lærdom på skulen, so hadde ho fenge ein god og nytteleg lærdom frå heimen. Ho hadde lært det arbeidet

91

som ei husmor skal utføra, og ho lærde å styra og administrera eit stort hushald.

Då ho 22 år gamal kom til Seland var det ein både lang og strævsam arbeidsdag som tok til for henne. Endå so mange born ho hadde, var det sjel dan dei hadde tenestgjente. Det var då mor som fekk alt arbeidet og ansvaret både for borni og matstellet og krøterstellet. Og ikkje nok med det. I onnetidene var ho med på utearbeid: potetsetjing, potetupptaking og skur, og i høyonni var ho ikkje bare med og raka, men var ogso med og slo. I slåtten kunde ho fylgje i skåri med den beste kar. Um vintrane var det å spinna, veva vadmål og verken, og spyta sokkar til den store huslyden.

Mange konor der ikring hadde nok like mykje å gjera. Men eg trur mor løyste si uppgåve betre enn dei fleste andre.

Mors krøterstell var framifrå godt. På «dyrskuer» fekk hennar kyr dei beste præmier, og heime var det allstøtt flust med mjølk og smør. Ho kunde jamt selja smør, medan dei på andre like store garder ofte måtte kjøpa.

Ho hadde ord for å vera ei «god matkona». Det er kje so liten skilnad på matstellet fyrr og no. Då eg var liten, var kosten so vidt eg hugsar omtrent slik

Um morgonen, til «moråbete», var det flatbrød og smør og ost. Heime brukte me ogso heimebakt stomp, men det var ikkje alle stader. Eg såg sume stader at husmori «skar på» til borni: Dei måtte ikkje eta av smørslaget, men fekk tildelt kvar sin smørklatt på ein flatbrødmole. Det vart aldri brukt

92

heime. Til maten drakk dei vaksne kaffe, og me born fekk mjølk.

Dersom dei hadde vore uppe svært tidleg - det var helst um sumaren - åt dei «dæure» kl. 10. Då brukte dei «våte mat», graut og mjølk, eller sodd av flatbrød og mjølk.

Middagsmaten åt ein kl. 12. Då var det mest «steik i pannå», helst flesk og kurv. Og so poteter og flatbrød. Sume tider hadde me «steik på gloen». Ein sette flesk eller kjøt eller kurv på ein jerntein og steikte det over glørne. Dei som åt glosteik sat ved omnen eller skorsteinen, kvar med si steik. - Til maten drakk dei kaffe eller mjølk

«Kveldsbiten» åt me kl. 4. Då var det kaffe og same maten som til «moråbite».

Kveldsmaten fekk me når dagens arbeid var slutt. Då var det helst «våte mat», som til dæuren, ja sumtid var det bare poteter og mjølk. Dersom me ein hende gong fekk brisling til potetone, var det svært glupt.

Um haustane slakta dei mykje, 4-5 sauer og sumtid ei ku. Fyre jol slakta dei ein gris, og av og til var det ein kalv. Då fekk me mykje god mat, soleis blodpylsa og sus. Innmaten brukte dei mest til kurv som helst skulde henga lenge før den vart eten.

Kosthaldet var godt, men altfor einsidug. Det hjepte nok ikkje so lite at me fekk drikka skumma mjølk heile dagen. Far vilde gjerne bruka meir grønsaker. Men kvinnfolka hadde so mykje å gjera at dei hadde liti tid å ofra på den daglege matlaging. Kosthaldet heime var omtrent som andre stader

93

der i bygdene. Men det var kje alle som laga maten like god. Der var skilnaden stor, mykje større då enn no. Når mor fekk kyt for å halda so god kost, kom det nok helst av at ho var flinkare til å stella maten enn dei fleste andre.

Um haustane pila me ikkje so lite bær, helst tytebær. Av dei laga me saft eller «bærlog». Me hadde tytebæri på eit anker og slog vatn på. Når dette stod i nokre månader vart både logen og bæri gode. Dette godna me oss med um vinterkveldane. Til høgtidene, særleg til jol, var det stor fest. Og so god mat! Um joleaftan i mørkningi fekk me kalvekjøt som var tillaga på ein særskilt måte. Eg veit det var brukt mykje fløte, og det smaka framifrå godt. Ved bordet las far joleevangeliet, og me song jolesalmar. Far kunde ikkje syngja, mor hadde god, men noko veik songrøyst, men alle me borei song av full hals.

Til kveldsmat var det risengraut med sukker på. Det vart skjenkt heimebrygja øl. Men far bryggja alltid ølet so sterkt at me borni ikkje måtte få so mykje som me hadde hug til.

Me brukte ikkje gje julegåvor slik som det er bruk no. Men kvar og ein skulde ha fenge noko nytt til jol, helst ska eller eit klesplagg. Eg min nest godt fyrste gong me hadde joletre heime. Eg tenkjer det var i 1887. Du veit det var stor høgtid med joletre. Men eg kann forsikra at før joletre og jolegåvor kom i bruk, var joli like gild som no, både for born og vaksne. Heile jolenatti skulde det brenna ljos på alle soverom. Når me kom inn i stova joledags morgon, sa me: «tomoren og gledeleg jol!» og fekk til svar: «Takk, du det sama'. »

94

Jamt yver reis dei vaksne upp tidlegare enn me born. Men joledags morgon var me alle samla ved bordet. Då var det vel gjestebod! Me fekk kaffe! Far meinte born ikkje hadde godt av kaffe, og difor drakk me til dagleg mjølk til maten. Men i joli fekk me kaffe med mykje sukker i. Kvar av oss hadde sin vesle kopp som me åtte. Desse koppane stod på stas heile året so nær som til dei store høgtider. - Eg har alltid lika sterk god kaffe. Men aldri har kaffen smaka so godt som den eg drakk av den vesle koppen min då eg var liten.

På bordet stod flust med god mat. Det var fin stomp som det var sirup og rosiner i, og lefse og fint «øverødd» flatbrød. Og allslags suvl: Smør og sus og gome og slikt. Og det fornemste av alt: Løpsebite. I kvar landslut lagar dei lefsekliningen på sin måte. Både i Aust-Agder, Telemark, Sogn og Valdres har dei god lefse. Men etter min smak laga mor den mykje betre.

Til middag hadde dei um joledagen lutefisk. Dei la fisken i flatbrødsbiten saman med smør og potet. Dei vaksne totte dette var god mat. Men eg kunde ikkje eta lutefisk.

Fyrste joledag skulde alle halda seg heime. Det var for langt å reisa til Bjelland kyrkja totte dei. Men annandag jol eller sundag mellom jol og nyår var me til Grindheim kyrkje. Ja, me born fekk lov til å vera med til kyrkje, dersom ver og føre var godt, og det var vel gildt! Eg skyna visst ingen ting av prekenen, men å vera i Grinheim kyrkja var for oss born ei uppleving som aldri vert gløymt. Dei rosemåla veggjene var nok fine, men det var no bi

95

lætane i taket som var det glupaste. Dei var so fine, totte me, at det etter vår meining måtte vera eit sant bilæte av sjølve Paradis som var måla.

Som me veit vart all denne stasen gøymt. Eg hugsar at eg sa til far at um 100 år kom dei til å skrapa målinga av for å få rosone og bilætane fram att. Til all lukka vart det berre halvt so lenge. Og no vil eg vona at Grindheim kyrkja ikkje vert som eit museum, men at den med si rosemåling og sine bilæte vert like dyrverdeg for komande ætter som den var fyrr oss då me var små.

Når me kom att frå kyrkja, helsa dei som var heime oss: «Velkomen frå kyrkja!»

Kyrkja og det som gjekk fyre seg der, gjorde nok sterkt inntrykk på oss. Heime leika me ofte kyrkja. Eg var prest og hadde på meg fars xufta - det var prestekjolen. Til prekestol brukte eg bestemors kubbestol - den som eg no eig og har sett i stand. Prekenen var ei eller onnor regla som me kunde, til dømes

Um alle menner var i ein mann, 
og alle øksor var i ei øks, 
og alle treane var i eit tre,
og alle vatnane var i eit vatn
Og so den store mannen tok den store øksi 
og hogde ned det store treet,"
og det store treet datt i det store vatnet — 
det måtte gjeva dønn!

Eg har no vore prest i yver 20 år og har i den tidi halde mange prekener. Men eg har visst aldri

96

halde nokon preken som har vore lettare å skyna, eller skapt eit sværare fantasibilæte enn då eg preikte på bestemors kubbestol. — Etter prekenen var det ofring, og eg minnest so godt kva offersalme me brukte: «Hell dig, du høga Nord! » Den passa so godt, totte me, for det fyrste verset sluttar med «vi offra før din åra».

Dei hadde kje mykje med jolegjestebod då eg var liten. Men sumtid bad dei likevel til seg naboane. Det var ikkje so stor uppdekning som skulde til. Men eg trur folk hadde lettare for å kosa seg saman då enn no. John, bror min, og eg var samde um det.

Til dei andre høgtidene stelde dei til mest som til jol, men ikkje so mykje. Soleis brukte dei ikkje å bryggja øl til påske og pins.

Korleis matstellet var til bryllup og likferd og barsøl kann eg ikkje fortelja um no.

Frå ikring 1890 vart det stort umskifte med matstellet. Mor vilde aldri laga ein ny rett etter ei kokebok. Ho vilde sjå korleis den vart laga. Men nar ho hadde sett det ein gong so kunde ho det, utan noko slags uppskrift. Eg minnest godt fyrste gong det vart laga sylteflesk heime. Det var Torborg Torsdotter, halvsyster til bestemor, som laga det.

Det var mor som måtte halda i stand klædi til heile huslyden. Ho var flink til allslags kvinneleg handarbeid. Ho laga underklædi til oss alle, og ho sauma yterbukse både til far og til oss gutar. Ho heldt alltid kvardagsklædi våre i god stand, og ho bøtte finare enn dei fleste andre. Ja sumtid måtte ho gjera karsarbeid ogso. Det var soleis ho som alltid laga sopelimar. For far var so reint «treneva».

97

Som fyrr er fortalt var far mykje burte i forretningar. Når han var med på utskiftningar langt burte, kunne han vera meimafrå i vikevis. Det var mor som då styrde gard og hus. Og alt tottest gå like greit, anten far var heime eller ikkje. Dette syner at ho hadde evne til å administrera.

Når far og mor fekk gjort so godt arbeid, kom det ikkje bare av at dei kvar på sin måte var uvanleg gåverike og flinke folk. Men dei arbeidde ogso godt saman. Far var ein heimkjær mann. Um han hadde vore ute i forretningar heile dagen, so vilde han helst heim um kvelden, og ofte gjekk han heim um natti.

Far og mor dryfta alltid dei tiltak som skulde setjast i verk, anten det vedkom gardsbruket, husebyggjing, fjøsstellet, matstellet eller uppseding og upplæring av borni. I mange heimar gjekk nok uppsedingi av borni på slump, men far og mor kjende sitt ansvar her, og prøvde saman å løysa si uppgåve. Dei ofra mykje for å gje borni sine god upplæring, so dei kunde leva livet rikare og lettare.

Dei siste åri far levde, var mor helselaus, og då han døde fall ho reint saman. Ho levde enno i mange år, men var mest sengjeliggande. Dei fyrste åri var det syster mi, Ingerid, som stella henne. Men då ho gifta seg, kom mor til John Seland. Det var helst dotter hans, Sigrid, som passa henne i mange år. Me sysken takkar dei som var so snilde med mor då ho vart gamal og hjelpelaus. På den måten hjelpte dei oss andre å betala noko av det me var skuldig henne. «Stor arv det er for mannen av godtfolk vera fødd,» segjer Vinje. Me hev fenge ein stor arv. Det er å vona at vår ættled kan gjeva like stor arv til dei som kjem etter oss.

Min hjemme side   Selands-Slekta index  Forrige   Neste